Starten på historia

Samnanger Faith Academy vart starta i April 2010. Målet er å tilby utdanning av kvalitet til dei under-priviligerte i Kanyama-slummen i Lusaka. Visjonen vår er å verta ein av dei beste institusjonane for læring i Zambia.



Frazer Siansengo
Direktør for skulen

Det heile byrja med eit brev, eller eit frimerke om du vil, som i 1999 fann vegen til Samnanger i Noreg, til dåverande ungdomsprest, Svein Høysæter. Brevet var sendt frå eit av dei verste fengsla i Zambia, Mukobeko Maximum Prison, Condemned Section i byen Kabwe, frå ein drapsdømd mann, Frazer Siansengo. Frazer var ein kveld ute på byen, og vart vitne til ein slåsskamp som diverre resulterte i at ein mann døydde. I Zambia på denne tida (og ofte fortsatt) førar dette til automatisk dødsdom, og Frazer vart satt i fengsel. Her vart han etter kvart medlem av ei menighet med cellekameratane sine. Til fengsla vart det blant anna sendt ulike brosjyrar, og blant desse var ei brosjyre/hefte for Alpha, eit slags kurs for vaksne innan kristendom. Bak på dette heftet var ei liste over alle Alpha-rådgivarar i heile verda. Frazer lukka auga og peika blindt på éit av namna og valde å senda brev for å fortelja historia si.

Det var dette brevet som fann vegen til Svein Høysæter, og som satte i gang heile denne prosessen. Ungdomsgjengen i kyrkja i Samnanger, SoulX kalte dei seg, byrja å sende pakkar ned til fengselet med mat, hygieneproduktar osv, og brevvekslinga fortsatte. Hilde Aarvik som var leiar for ungdomsarbeidet i kyrkja tok over ein del av kontakten med Frazer. Det vart også samla inn og sendt ned pengar til Frazer, slik at han kunne få ordna med advokat som kunne hjelpe med saka hans. Dette førte godt med seg, for til slutt vart han sluppen ut, etter mange år i fleire ulike fengsel. Han fekk pengar til buss, og kom seg til slutt heim til mor si, som i 11 år hadde bedt for sonen, for at eit mirakel skulle skje, og han skulle få sleppa ut av fengsel. Mora, Emma, var med i ei bønegruppe frå si menigheit, og dei hadde alle bedt saman med ho desse åra. Denne bønegruppa, no kalla SoulX Ministry, dreiv og med veldedig arbeid, for sjølv om dei også var fattige, var det alltid nokon som hadde det verre ein dei sjølve. Desse fantastiske damene og Frazer var starten på skulen vår, og det at den hovudsakeleg skulle vere for born som elles vart vald sist når foreldra må velje kven som får gå på skule, på grunn av kostnaden. Dette er oftast jenter, yngre sysken og «those that we keep», oversatt «dei me tek vare på».

Innlegg i lokalavisa, Samningen, etter den fyrste gruppa reiste ned i 2014. (Samningen 02.10.2014.)