Teamet vårt
- og det me arbeidar med
Både i Noreg og i Zambia har me team som styrar skulen, med kvar sine oppgåver. Teamet i Zambia har med den daglegdagse drifta av skulen å gjera. Dei har med opptak av elevar, innkjøp av skulemateriell, klede og mat, og å lysa ut stillingar i lokalsamfunnet når me treng nye og fleire tilsette. I Noreg har me andre oppgåver, som går ut på å skaffa pengar som går til lønningar og andre utgifter, me reklamerar og søkjer om stønad, og me har det overordna ansvaret av tilsetjing av lærarar, overføring av pengar til det som trengs, osv.
Begge partar tar avgjerder som er til det beste for skulen, og me har god kommunikasjon mellom oss. Sidan det norske teamet står for innsamling og overføring av pengar, førar teamet i Zambia rekneskap og leverer det til oss, slik at me har oversikt over kva for nokre utgifter me har, kva pengane våre går til, kor mykje me må samle inn til kvar månad, osv.
Innlegg i lokalavisa Samningen etter Zambia-kveld på biblioteket i Samnanger til informasjon om prosjektet. (Samningen 06.10.2022)
Til venstre ser du nokre av dei i teamet vårt ved skulen i Zambia: (Frå venstre)
Eunice Kamwii, revisor
Victor Mangwatu, rekneskapsførar
Joyce Tamale Simwaka, Førstelærar
Frazer Siansengo, direktør/rektor.