Prosjektet og visjonen

Skulen vart starta i 2010 av lokale krefter i Kanyama, ein fattig bydel i Lusaka, Zambia, med omlag ein million innbyggjarar. Dei første åra var det ca. 40 elevar fordelt på fire trinn + "baby class" (barnehage) og "reception" (førskule). Etter nokre år vart det bestemt å utvida med eitt trinn per år til ein kunne tilby full "primary school" med eksamensrettar. Per 2023 er det over 200 elevar ved skulen. Dei har utdanna og sertifiserte lærarar, noko som vart eit krav frå styresmaktene i 2019. I tillegg arbeider to assistentar, nattevakt, økonomiansvarleg, revisor og direktør/rektor ved skulen. Dei fyrste 7.klassingane hadde sin "graduation" i 2018. Pensum i Zambia er likt for alle skular, og dei offisielle lærebøkene er lik over heile landet. Skulen er registrert hos styresmaktene, og betalar årlege avgiftar/skattar.

Elevane kjem frå familiar i Kanyama, og dei fleste av dei ville nok ikkje få gå på skule om dei ikkje fekk vera på akkurat vår skule. Grunnen er at familiane er store og fattige, og har difor ikkje råd til å la alle borna få skulegong. Dei som stillar sist i køen er oftast jentene, eller "those that we keep". Dette er foreldrelause born dei har tatt til seg, slektningar eller naboar. Dei fleste familiar har ein eller to slike. Det er skulepengar å betala ved alle skular i Zambia. Om dei ikkje kan betala ein månad, vert dei "jaga" – "chased" – frå skulen. Dette førar til at skulegong kan verta eit langt lerret å bleika, og mange får ikkje fullført skulegong, eller ikkje ein gong starta på utdanninga si. Dette medfører mykje drifting og småkriminalitet, og er vegen inn i vonde sirklar for mange, og eit liv i fattigdom.

SamZam – Lifting the Community Together (Saman løftar me samfunnet)

Det konkrete prosjektet vårt no er sjølvsagt skulen; Samnanger Faith Academy (SFA). Me har skule for fattige born i Kanyama-slummen av Lusaka, for å kunne gje dei moglegheit til å komme seg ut av fattigdommen som pregar så alt for mange, og me meinar at utdanning er ein av dei beste måtane å nå målet vårt. Det er sjølvsagt mykje meir ein kan gjere for å bekjempa fattigdom, og me vil også bidra meir. Draume-prosjektet vårt er å kunne kjøpa eige land i utkanten av slummen, for å byggje skule, helsesenter, ha eige område for dyrking av frukt og grønt, og andre fasilitetar som vil vera med på å auke levestandarden.

Bileta til venstre og høgre er frå skulen i 2014, biletet under er frå “Back to School“ september 2023.